Alla inlägg den 23 mars 2008

Av Nätverket Språkförsvaret - 23 mars 2008 20:33

 I en artikel, "Har universiteta eit språkansvar?", i senaste numret av Språknytt tar Tove Bull, professor i nordisk litteraturvetenskap vid universitetet i Tromsö, upp vilken betydelse språkpolitiska riktlinjer inom högskolan har och om de är nog för att vända på utvecklingen mot allt mer engelska.


"Språkpolitiske retningslinjer
Den generelle språkutviklinga ved dei høgare utdanningsinstitusjonane våre med stadig meir bruk av engelsk har etter kvart fått Universitets- og høgskolerådet og fleire enkeltinstitusjonar til å utarbeide språkreglar som både skal ivareta internasjonaliseringa (les: angloamerikaniseringa) og ansvaret for norsk som akademisk språk. Mellom anna vedtok styret ved Universitetet i Tromsø nokså kortfatta, men etter mitt syn svært gode språkpolitiske retningslinjer førre året. Her heiter det m.a at undervisningsspråket normalt skal vere norsk, at samisk og norsk er likestilte offisielle språk ved Universitetet i Tromsø, og at engelsk eller andre språk kan brukast når det er fagleg føremålstenleg eller nødvendig. Dette blir nærmare presisert i særskilde avsnitt som gjeld undervisning, forsking, formidling og samfunnskontakt, og administrasjon og informasjon.


Parallellspråklegheit
I det relativt omfangsrike framlegget til språkpolitikk frå Universitets- og høgskolerådet, som kom i 2006, blir parallellspråklegheit nemnt som eit sentralt og overordna prinsipp for den språkpolitiske strategien. Parallellspråklegheit er derimot ikkje nemnt i dei mykje kortare retningslinjene som gjeld ved Universitetet i Tromsø. Det er likevel klart at felles for alle dei retningslinjene som finst, er ideelle førestellingar om at norsk og engelsk, og gjerne andre språk, skal brukast parallelt. Vi må gå ut frå at ein legg vekt på at norsk skal bevarast som vitskapleg språk, i alle eller dei fleste disiplinar, jamvel om det ikkje alltid blir eksplisitt sagt. Samstundes skal ein jo kommunisere med det store, internasjonale forskingssamfunnet, og da må ein bruke engelsk.


Så spørst det da om den viljen til parallellspråklegheit som blir uttrykt i desse språkpolitiske retningslinene, er tilstrekkeleg. Det første spørsmålet det er rimeleg å stille, er om retningslinene hittil har gjort noko frå eller til. Har det skjedd noka form for endring etter at dei blei vedtekne? Så langt eg kan sjå, er det lite som tyder på det. Trass i eksplisitte retningsliner og festtaleretorikk om verdien av norsk språk synest utviklinga gå sin skeive gang. Engelsken breier seg på kostnad av norsk, og etter som tida går, er akademia stadig meir truga av domenetap. Dersom det er rett at dei retningslinene som er fastsette, ikkje blir etterlevde, er forklaringa truleg å finne i (u)medvetne holdningar, gamle (u)vanar og interesseløyse. Vi kan gjerne hevde at universiteta våre er kulturinstitusjonar med eit klart ansvar også for norsk språk og kultur, og at vitskapleg tilsette i alle fag har ansvar for at norsk terminologi og norsk fagspråk blir vidareutvikla i eige fag. Det hjelper likevel lite kva som står i språkpolitiske innstillingar, dersom ein professor i t.d ikt slett ikkje ser poenget, eller aldri har tenkt ein tanke om at han eller ho også har eit ansvar for norsk terminologiutvikling.


I mange fag er språket i doktoravhandlingar eller andre vitskaplege publikasjonar eit ikkje-spørsmål, det er heilt sjølvsagt at det må vere engelsk. Om ein underviser på norsk, vil alt undervisningsmateriell likevel kunne vere på engelsk, og da vil den «norske» terminologien ein bruker, lett bli heileller halvengelsk. Dersom spørsmål om språk og språkval er spørsmål ein aldri diskuterer, aldri tenker på, ja, da seier det seg sjølv at det språkinteresserte kollegaer på t.d eit humanistisk fakultet finn på å meine om språkval i t.d naturvitskaplege fag, er heilt irrelevant. Og det betyr vidare at studentane i desse faga blir sosialiserte inn i ein medvettslaus språkkultur der det er heilt utenkeleg at ei doktoravhandling skal kunne skrivast på norsk. "


Läs resten av artikeln på Språknytt!


Denna nätdagbok är knuten till nätverket Språkförsvaret.

Presentation

Omröstning

Är älvdalskan ett språk eller en dialekt?
 Älvdalskan är ett språk
 Älvdalskan är en dialekt
 Vet inte

Fråga mig

142 besvarade frågor

Kalender

Ti On To Fr
         
1
2
3 4 5
6
7
8
9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28
29
30
31
<<< Mars 2008 >>>

Tidigare år

Sök i bloggen

Senaste inläggen

Senaste kommentarerna

Kategorier

Arkiv

RSS

Besöksstatistik

Säg hellre!

Irriteras du av ett onödigt engelskt lånord och kan föreslå ett ersättningsord?  Skicka det i så fall till ersattningsordet@sprakforsvaret.se.  Om granskningsgruppen tycker att det är ett bra ord, belönas du med "Svenskan - ett språk att äga, älska och ärva" och ordet förtecknas också i avdelningen "Säg hellre!"

Blogtoplist


Skapa flashcards