Alla inlägg den 17 oktober 2025
I samband med att Norsk Romsenter (d.v.s. Norskt Rymdcenter – ö.a.) den 1 september 2025 ändrade namn till Direktoratet for romverksemd (Direktoratet for romvirksomhet på bokmål) kommenterade Språkrådet sin roll i fråga om namngivning av statliga organ.
Språklova seier at statsorgan skal ha namn på norsk, både bokmål og nynorsk. Namna skal følgje offisiell rettskriving. Det står òg i lova at Språkrådet skal gje statsorgan råd om skrivemåte og namneskikk før det blir gjort vedtak om namn. Det vil seia at statsorgana har plikt til å konsultere Språkrådet i ein namneprosess.
– Jo tidlegare verksemdene tek kontakt, jo lettare er det for oss å gje gode råd. Vi har opplevd at verksemder tek kontakt med oss etter at dei eigentleg har bestemt seg, berre for å ha gjort det. Det er uheldig og ikkje i tråd med intensjonane i konsultasjonsordninga, seier direktøren i Språkrådet, Åse Wetås.
Språkrådet lagar ikkje namn, men vurderer namneforslaga frå verksemda og kjem med ei tilråding. Språkrådet kontrollerer om namnet følgjer offisiell rettskriving på bokmål og nynorsk. I tillegg ser Språkrådet etter om namnet er tydeleg og sakleg, om det er grammatisk godt oppbygd og om det er praktisk å bruke. Språkrådet vurderer aldri engelske versjonar av namnet.
Det står at statsorgana har plikt til å konsultere Språkrådet. Men har dei ikkje òg plikt til å følgje råda dei får?
– Vi har ikkje mynde til å bestemme kva statsorgana skal gjera. Men dei skal ha vektige argument for ikkje å lytte til oss, ettersom Språkrådets vurderingar og råd kviler på krava som er formulerte i språklova og på faglege vurderingar av god namneskikk. Eg stolar på at statsorgana og departementa er opptekne av å følgje språklova og råda våre, akkurat slik Direktoratet for romverksemd har gjort, seier Wetås.»
Läs vidare här!
(Denna nätdagbok är knuten till nätverket Språkförsvaret)
| Må | Ti | On | To | Fr | Lö | Sö | |||
| 1 | 2 |
3 | 4 | 5 | |||||
| 6 | 7 | 8 |
9 | 10 | 11 | 12 | |||
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | |||
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | |||
| 27 | 28 | 29 | 30 | 31 | |||||
| |||||||||
Irriteras du av ett onödigt engelskt lånord och kan föreslå ett ersättningsord? Skicka det i så fall till sprakforsvaret@yahoo.se. Om granskningsgruppen tycker att det är ett bra ord, belönas du med "Svenskan - ett språk att äga, älska och ärva" och ordet förtecknas också i avdelningen "Säg hellre!"