Direktlänk till inlägg 28 november 2024

Norsk tapar terreng i barns og unges mediekvardag

Av Nätverket Språkförsvaret - 28 november 2024 12:00

 (Texten är hämtad från norska Språkrådets nyhetsbrev den 28/11 2024)


 Engelsk er det språket flest barn og unge brukar når dei er på sosiale medium, eller når dei ser på film og seriar. Det viser nye tal frå Medietilsynet. I undersøkinga «Barn og medium 2024» har Medietilsynet kartlagt korleis mediekvardagen er for barn og unge i alderen 9 til 18 år. Det er mellom anna stilt spørsmål om kva språk barn og unge nyttar når dei er på nettet.


Tilsvarande spørsmål blei stilte også i 2020 og 2022. Resultata frå undersøkinga i år viser at engelsk er språket flest barn og unge brukar når dei er på sosiale medium, når dei ser film, seriar eller tv-program, eller når dei ser på YouTube. Samtidig er norsk det språket som blir mest bruk når dei unge les, ser eller høyrer på nyheiter.


– Tala viser at dei unge vel norskspråkleg innhald når det er relevant og tilgjengeleg, slik som nyheiter på nett, radio og tv. Men i dataspel og sosiale medium dominerer engelsken, og det er vanskeleg å finne fram til det gode innhaldet på norsk, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.


Bruken av engelsk aukar


Når ein ser på tvers av ulike medieaktivitetar, er det fleire som hovudsakleg brukar engelsk i 2024 enn det var i 2020 og 2022. Unntaket er når barn og unge ser på film, seriar eller tv-program, der litt fleire svarar at dei vel norsk i år enn dei tidlegare åra. Men engelsk er framleis det mest brukte språket i denne kategorien òg.


– Å lære fleire språk er bra, men det oppstår eit problem når engelsk innhald blir for dominerande. Dersom norsk berre blir brukt i bøker og aviser, medan engelsk dominerer i sosiale medium, dataspel og på andre digitale flater, erfarer barn og unge at norsk ikkje fungerer i ei moderne verd, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.  


Skilnader på kjønn og alder


Gutar brukar engelsk i større grad enn jenter både når dei konsumerer nyheiter, brukar sosiale medium og ser på YouTube. For innhald på film og tv er det ingen kjønnsskilnader. Bruken av engelsk aukar med alderen når ein ser film og tv, og når ein konsumerer nyheiter. Bruken av engelsk går derimot ned med alderen når ungdom speler dataspel eller ser på YouTube. Dei to direktørane er einige om at det er viktig å meistre språket for å bruke stemma si i samfunnsdebatten.


– Dersom ein ikkje meistrar det samfunnsberande språket, er vegen til ytringsfridom lengre, og då blir det somme som tek avgjerder på vegner av andre, meiner Velsand.


– Vi veit at leseferdigheitene går nedover, og at både barn og vaksne brukar mindre tid på å lesa. Da blir det desto viktigare å vera merksame på kva språk ungane møter og brukar på fritida, supplerer Wetås.

(Denna nätdagbok är knuten till nätverket Språkförsvaret)

 

Från
    Kom ihåg mig
URL

Säkerhetskod
   Spamskydd  

Kommentar

Av Nätverket Språkförsvaret - Fredag 23 maj 08:00

"Ingen kommer undan. Vare sig vi ser på teve, läser en tidning eller deltar i någon konferens, är risken stor att vi blir dränkta i en flod av floskler! Av ord som inte betyder något och ett språk som inte hänger ihop. Svensk floskelordbok är en uppl...

Av Nätverket Språkförsvaret - Torsdag 22 maj 11:37

När Keir Starmer sa: ”Om du vill bo i Storbritannien bör du tala engelska”, avslöjade han en föreställning – att engelska är det enda språket som räknas i Storbritannien.   Denna syn bortser inte bara från Storbritanniens rika sp...

Av Nätverket Språkförsvaret - Onsdag 21 maj 12:00

Polska är det näst största slaviska språket i världen. Omkring 50 miljoner människor använder polska aktivt och minst 10 miljoner har passiv färdighet i språket. Därmed är polska det största slaviska språket i Europeiska unionen och dess femte språk ...

Av Nätverket Språkförsvaret - Tisdag 20 maj 10:54

Publisert: 15. mai 2025 18. juni frå kl. 10 til 11 inviterer Språkrådet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og Termportalen ved Universitetet Bergen til nettseminar om språk og utdanningskvalitet i høgare utdanning.   Seminaret er d...

Av Nätverket Språkförsvaret - Tisdag 20 maj 08:00

Jag tycker väldigt mycket om att högläsa. När mina barn var för små för att tillgodogöra sig skriven text, gjorde jag det ofta och med stor glädje. När de blivit läskunniga, fortsatte jag med det under flera år. Jag minns att jag läste David Copperfi...

Presentation

Omröstning

Vilket av orden från 2024 års nyordslista har störst chans att överleva?
 aktivklubb
 ankkurva
 barntorped
 dubbelklubb
 gisslandiplomati
 grön gumma
 Magdamoderat
 mittokrati
 quishing
 romantasy
 skräpballong
 skuggflotta
 slop
 soft girl
 terian
 tiktokifiera
 tjejnyår
 tryckarlägenhet
 umarell
 vänskapsbänk

Fråga mig

143 besvarade frågor

Kalender

Ti On To Fr
        1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20
21
22 23 24
25 26 27 28 29 30
<<< November 2024 >>>

Tidigare år

Sök i bloggen

Senaste inläggen

Senaste kommentarerna

Kategorier

Arkiv

RSS

Besöksstatistik

Säg hellre!

Irriteras du av ett onödigt engelskt lånord och kan föreslå ett ersättningsord?  Skicka det i så fall till sprakforsvaret@yahoo.se.  Om granskningsgruppen tycker att det är ett bra ord, belönas du med "Svenskan - ett språk att äga, älska och ärva" och ordet förtecknas också i avdelningen "Säg hellre!"

Blogtoplist


Ovido - Quiz & Flashcards