Direktlänk till inlägg 28 oktober 2021
Språkrådet arrangerer Språkdagen 9. november – på ein skjerm nær deg.
Når den nye språklova trer i kraft ved nyttår, får språkbrukarane i Noreg lovfesta rettar, og det offentlege får plikter. Kunnskapssektoren har eit stort ansvar for det norske språket. Språkvala verksemdene i sektoren gjer, har stor rekkevidde i samfunnet. Kva treng dei for å kunne oppfylle krava som lova stiller? Kva treng skulen for å kunne gje nynorskelevar like god undervising og dei same digitale moglegheitene som bokmålselevar får? Og kva rammer kan vere med på å sikre det norske fagspråket i akademia når forskingsmiljøa er internasjonale?
Sjå Espen Aas frå Dagsnytt 18 stille spørsmål og krevje svar frå læraren, skuleeigaren, skuleforskaren og statsråden i debatt om rettane til nynorskelevane. Og høyr kva professoren, Kunnskapsdepartementet, Forskingsrådet og Universitets- og høgskolerådet vil gjere for å sikre norsk fagspråk for framtida.
Sjå direktesendinga frå Det Norske Teatret i Oslo.
Dato: 9. november
Tid: 9.00–11.30
Sendinga er gratis. Alle påmeldte får lenke på e-post dagen før Språkdagen.
Program for Språkdagen 2021: Lov laga (førebels) | |
9.00–9.10 | Rikets tilstand, ved Åse Wetås, direktør i Språkrådet |
9.10–9.25 | Språklova på 1-2-3, ved Sofie Høgestøl, jurist, førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo |
9.25–9.40 | Kva konsekvensar får språklova? Intervju med Høgestøl, ved Espen Aas |
9.40–9.45 | FILM: Reportasje om statusen til nynorsk i opplæringa |
9.45–10.10 | DEBATT: Rett på nynorsk Kunnskaps- og integreringsministeren Debattleiar: Espen Aas |
10.10–10.25 | PAUSE |
10.25–10.30 | FILM: Reportasje om behovet studentane har for tilgang til norsk fagspråk i utdanninga |
10.30–11.00 | DEBATT: Ingen fag å miste! — Slik sikrar vi norsk fagspråk for framtida Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Debattleiar: Espen Aas |
11.00–11.15 | SPRÅKPOLITISK KVARTER – samtale om språkpolitikk i kunnskapssektoren Hege Nilssen, direktør i Utdanningsdirektoratet |
11.15–11.30 | AVSLUTNING ved kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen |
Med atterhald om endringar. Arrangementet vert tolka til teiknspråk.
(Denna nätdagbok är knuten till nätverket Språkförsvaret)
Marcus Larsson skriver på tankesmedjan Balans: För fem år sedan meddelade Internationella Engelska Skolans (IES) och Skellefteå kommuns kommunstyrelses ordförande att de kommit överens som att IES ska etablera sig i kommunen. Enligt IES vice VD...
I en reklamsnutt på tv har jag stött på namnet Carglass och tänkt att det skulle kunna vara en glassort eller glass i kar. Det är dock det i Sverige utomordentligt fåniga namnet på ett företag som lagar och byter bilrutor. Det har 103 verkstäder på 8...
Söndagens svenskspråkiga sång Kent - Utan dina andetag Söndagens svenskspråkiga dikt Kosmisk moder var i mig dina vintergators andning var i mig den du redan är och alltid har varit en dröm bortom drömmens berg och bortom hem...
Må | Ti | On | To | Fr | Lö | Sö | |||
1 | 2 | 3 | |||||||
4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | |||
11 | 12 | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | |||
18 | 19 | 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | |||
25 | 26 | 27 | 28 | 29 | 30 | 31 | |||
|
Irriteras du av ett onödigt engelskt lånord och kan föreslå ett ersättningsord? Skicka det i så fall till ersattningsordet@sprakforsvaret.se. Om granskningsgruppen tycker att det är ett bra ord, belönas du med "Svenskan - ett språk att äga, älska och ärva" och ordet förtecknas också i avdelningen "Säg hellre!"